– Jag kom ombord i Polarstar, og satt alena ute på dekk med en kopp kaffe, og ble da oppfyllt av en følelse av at jag hadde kommit hemm, at det var hit jag sku’.
Slik skildrar Anna Lena Ekeblad det første møtet sitt med Polarstar. På eit Skåne-svensk godt påverka av samansuriet av norske dialektar på Svalbard fortel ho om korleis ein ungdommeleg draum om ishavet vart oppfylt gjennom møtet sitt med selfangaren frå Brandal. – Jag blev hodestups forelskad i skuta.
– Som ung og blond blev man litt ekstra løftad, fikk litt ekstra sjyss, kunne sitta på bruen utan problem. (Anna Lena Ekeblad frå Skåne om god behandling av mannskapet på turistbåten Polarstar rundt Svalbard i 1991).
Anna Lena Ekeblad er frå Malmø og ein familie der ’det polara’, som ho kallar det, alltid var nært. Denne draginga mot nord kom frå farfaren hennar, som alltid snakka om Andrée-ekspedisjonen og det store nyhende då han vart funnen i 1930. Å reise til ishavet vart ein familietradisjon, som den unge Anna Lena følgde opp. Ho hadde gjort unna både Island og Grønland då ho kom for å krysse av Svalbard og skulle gjere seg ferdig med Arktis. Men så vart ho altså forelska. I Svalbard og skuta.