– Ja, vi lånte ein slepekrok med Ødegård. Den va’ laga slik at vi kunne drage den ut opp på båtdekk, ja, ej trur faktisk det va’ heilt oppe i styrhuset vi kunne løyse ut kroken og slepet. Ditta vart no testa med skipskontrollen, oss låg uti Hessa og huka oss fast einkvan plassen der og testa at det va’ sterkt nok, og at vi kunne løyse ut når det vart påkjennig. Jau, det gjekk bra, det. Oss fekk no båten heim igjen. Men då vi skulle løyse ut ditta til slutt, virka det i alle fall ikkje! Hehehe. Men då var vi no komne inn på her. Jækla styr, veit du.
– Var der folk om bord i Vartdal då dokke slepte?
– Nei nei. Det va’kje råd å vere noke folk der. Men vi hadde slepesignal på Polarstar. Det va’kje akkurat noken lystseilas. Ditta va’ no i januar, veit du. Kom opp under Færøyane på heimveg, så va’ det jækla dårlege vêrmeldinga. Oss lurte på å gå inn i fjordane ein plass, men du veit når du ha’ ute fem lås med kjetting…
– Du var med heile tida då dokke fekk sysselmannsoppdraget?
– Ja, og oss heldt vel på med Sysselmannen i ni år. Sju månada’ i året. Nokså mange gonga’ fór vi 18. mai om morgonen. Og så va’ det heim til jul. Ette’ ishavet va’ det hurryup å kome seg nordover. Dinna ishavsgreia kombinert med sysselmannsgreia va’kje akkurat det likaste. Grisete og blod, vart mykje vedlikehold. Nedvasking og pussing og maling.
– Og då tok Sysselmannen over skippersalongen og lugaren?
– Han hadde salongen, men ej e’kje så heilt sikker på lugaren. Det va’ no ikkje så ofte at han låg der.
– Dokke vart kjende med folket i Ny-Ålesund og Isfjord radio og der?
– Ja, det va’ vel fire mann på Isfjord, og sameleis på Hopen. På Bjørnøya var der meir, ti mann, trur eg. Oss vart godt kjent og godt mottatt alle plassa. Dei bygde om heile stasjonen der på Hopen, vi frakta materialen, lasta opp snart like høgt som rorhuset. Og so va’ der med folk då som var der heile sommaren og bygde. Rørleggar og elektrikar, slikt.
– Når dokke kom til Longyearbyen med Polarstar, då var alt okei?
– Hehe, det va’ som ein døropnar, det.
– Då dokke gjekk med Sysselmannen, var der gjerne med litt politikarar og Oslofolk?
– Ej har sagt det mange gonge’, ej e’ sikker på at det ikkje va’ ein einaste politikar ned på Stortinget som ikkje va’ der på eitt eller anna tidspunkt. Alle komitear fann seg oppdrag opp til Svalbard. Og når Sysselmannen vart lei av dei, då sendte han dei om bord i Polarstar og på fjordtur. Nokre tima om kvelden eller inn i Pyramiden og alle fa’ns plassa’. Då kosa dei seg, veit du. Då fekk dei saker på utførsel. Han Bondevik røykte sigar og…
– Han drakk vel ikkje stort, men var det elles mykje tyste politikarar?
– Neidå, det va’kje så ofte utskeielsa’, men ofte litt sånn… Men ka dei gjorde der oppe, alle saman, det veit ej no ikkje endå.
– Var dokke mykje i Barentsburg?
– Ja, Sysselmannen hadde kontordag der, så då gjekk vi han opp med Polarstar. Ofte ein gong i veka. Vi bygde ei hytte der litt utafor Barentsburg som dei skulle ha til sånt møtelokale. Va’ der på frivakte’ og bygde. Va’ ekstra betaling, det, sånne litt svartare penga’. Fekk faktisk ein del slike jobba’, så vi heldt oss stort sett med lommepenga’ med dei prosjekta. Likeeins på dissa turane med lossing og lasting på Bjørnøya og Hopen.