
Sidercruise med Polarstar og Skarbø Gard
Sidercruise med Polarstar og Skarbø Gard
Laurdag 30. august inviterer vi til siderseglas saman med Skarbø Gard. Vi seglar innover vakre Hjørundfjorden, og får servert fem tapasrettar, kvar i kombinasjon med ein utvald, musserande sider. Dei som heller ynskjer å smake den alkoholfrie produktporteføljen til sideriet, kan sjølvsagt gjere det.
Både sider og ost er prisvinnande handverksprodukt frå Skarbø Gard på Stranda, laga av mjølk og eple som vert dyrka på garden. I tillegg vert det nytta kvalitetsvarer frå Tind og Stranda, og andre lokale godsaker.
Medan vi seglar innover i landskapet, forbi bygder og fjordgardar, fortel Kristine og Carlos historia bak produkta og gir oss innblikk i korleis gardslivet kan vere i dag.
Vi garanterer ei triveleg og smakfull reise!
Billett kr 1875,- per pers. Der båttur og sidersmaking og ostetapas er inkludert.
Max 24 plassar, så her er det først til mølla.