Sidercruise med Polarstar og Skarbø Gard
Laurdag 30. august inviterer vi til siderseglas saman med Skarbø Gard. Vi seglar innover vakre Hjørundfjorden, og får servert fem tapasrettar, kvar i kombinasjon med ein utvald, musserande sider. Dei som heller ynskjer å smake den alkoholfrie produktporteføljen til sideriet, kan sjølvsagt gjere det.
I morgon kastar vi laust og sett kursen mot fuglefjellet på Runde 🤩
Gå ikkje glipp av muligheita til å sjå Lundefuglen frå sjøsida.
Vi har også med guide frå @opplevrunde som vil fortelje om sjøfuglane.
Etter vermeldinga er veret på lag, så dette blir kjekt.
Vi har fortsatt litt ledige plassar om du vil bli med.
Billett finn du på heimesida vår, www.polarstar.no
Kjekt om du hiv deg med 😁 ... See MoreSee Less
Comment on Facebook
Åååhh, den veka det blir for hektisk å rekke alt en vil! Blir det fleire turar?🤩🤞
Gler oss 🤗😎🥰
Bli med å utforsk fagre Geirangerfjorden 14. juni 2025 med den unike polarhistoriske skuta Polarstar.
Dei unike naturomgjevnadane i Geirangerfjorden vart skapte gjennom ei rekkje istider, då isbreane skar ut djupe fjordar mellom dei høge fjell. Denne naturlege skjønnheit har gjort at området stadig figurerer på lister over dei mest spektakulære stadane i verda.
Dei imponerande fossefall, som for eksempel dei berømte fossane Dei sju søstrer, Friaren og Brudesløret, stuper ned i fjorden. Dette er noko av grunnen til at Geirangerfjorden står på UNESCOs prestisjefulle verdsarvliste – og fleire andre lister over dei fagraste stadane i verda.
På tur med Polarstar har vi god tid til å utforske den ville naturen frå start til slutt. Her er det så mykje å oppleve!
Polarstar – Ishavets Grand Old Lady er ei oppleving i seg sjølv, og på turen kan du lære meir om all den spanande polarhistorie skuta har vore med på.
Det er seglasen i fjorden som er opplevinga på denne turen, og skuta går ikkje til kai nokon stad.
Avgang frå Ishavsmuseet på Brandal laurdag 14. juni kl. 10.00, med retur på Brandal ca. kl. 23.00. Inkludert i prisen på kr. 1.975,- er båttur, servering av lunsj og middag om bord, og kaffi gjennom heile seglasen. Og ikkje minst storslått natur og fellesskap. ... See MoreSee Less
Comment on Facebook
Www.polarstar.no for billettar
Polarstar til fugleøya Runde 11. juni 2025
Brandal – Runde med Polarstar
Til fugleøya Runde på fugl- og selsafari. Onsdag 11. juni 2025 kl. 18.00
Turen går med den polarhistoriske, ishavsskuta «Polarstar», Noregs første selfangstskute bygd i stål i 1948, til den berømte fugleøya Runde, ytst mot storhavet. Øya er ein populær utfartsstad året rundt, men er spesielt spanande om sommarstid på grunn av det yrande fuglelivet. I sesongen finst det omlag 100.000 sjøfugl på øya, dei fleste lever på fuglefjellet.
Runde er ei av mange øyer i øygruppa «Sørøyane» sørvest for Ålesund. Det er den sørlegaste fuglefjellet i Norge, og den største fugleøya sør for polarsirkelen. Turen startar på Brandal kl. 18.00. Deretter set vi kursen mot Runde fyr og vidare rundt til fuglefjellet. Med på turen har vi guide/naturrettleiar frå Runde Miljøsenter som vil fortelje oss meir om Runde og all hekkande sjøfugl der.
På returen går vi nær Grasøyane på selsafari og kanskje er vi heldige og ser sel på turen. Tilbake i Brandal ca. kl. 22.00.
Inkludert i prisen på kr. 875,- er ein spanande båttur med veteranskuta Polarstar, servering av fiskesuppe med brød, og kaffi. ... See MoreSee Less
Comment on Facebook
Link til billett: www.polarstar.no/produkt/polarstar-til-fugleoya-runde-11-juni-2025/
Har du lyst på sjøen, men manglar båt?
Her er løysinga 😉🥳
Vi har 4 turar som alle som vil kan kjøpe billett til.
Følg linken og les om dei forskjellige turane og finn den som passar for deg 😁
Skal du på Indiefjord ,så har vi også lugarar til leige om du treng ein plass å sove. Du finn dei ledige lugarane ved å følge linken 🥳
www.polarstar.no/turar/
Del dette med nokon du trur kan ha glede av ein slik tur 🙂 ... See MoreSee Less
Turar - Polarstar
www.polarstar.no
Comment on Facebook